Vassdalen ligg mellom Erslandsvatnet og Handelandselva bak bustadområda på Sandvoll. Gjennom dalen går ein gamal skogsveg som er dårleg vedlikehalden. Slik den er no, kan ein berre gå der turrskodd etter lange periodar med opphaldsver. Vinterstid blir det lett svært isete.
Vassverket la vassleidning gjennom dalen frå Erslandsvatnet til renseanlegget ved Rudlen byggjefelt for ein del år sidan. Dette førte til at folk begynte å bruka den nordlege delen av denne traseen til turveg, når føret var høveleg.

Me ynskjer no å opp gradere denne skogsvegen og nordlege delen av traseen til vassleidningen slik at ein får ein saman hengjande turveg gjennom dalen frå byggjefeltet på Rudlen til Erslandsvatnet. Derifrå går det skogsveg opp til byggjefeltet Heio.

Vegen treng grøftast, to bekkar som kryssar vegen må leggjast i røyr og vegen må få eit grusdekke. Me reknar med at vegen vil bli mykje nytta når den er ferdig opprusta.

Han vil vera den kortaste vegen mellom byggjefelta og vil også knyta saman den restaurerte postvegen nordover til Valen og sørover til Ølfarnes. Traseen er ganske flat og vil kunne brukast av alle kategoriar friluftsfolk i alle aldrar. Vegen vil også knyta saman turområda langs Handelandselva og rundt og opp forbi Erslandsvatnet og gje lettare tilgang til ei smal sti mot Varden på Sandvoll.
Me ser på opprustninga som eit første byggesteg og ynskjer å få lys langs vegen ettrkvart slik at den kan brukast på kvelden i tillegg til rasteplassar – kanskje aktivitetløyper med meir.

Kategorier: Dugnadsarbeid

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar