Me ynskjer å stella i stand halloweenfest på torsdag 31. oktober og fredag 1. november i Sandvollstova.
Det blir ein fest for 1.–6. klasse og ein fest for 7.-10. klasse. For å få dette til treng me 4-5 vaksne som kan hjelpa til på kvar av festane. Om du har moglegheit, meld deg i kommentarfeltet under.
På fredag 1. november vert det halloweenfest for dei vaksne.
Deler av halloweenpynten tenkjer me å laga sjølve på «halloween verkstad» søndag 27. oktober i Sandvollstova. Kjekt om noko har høve til å vera med på dette, me kjem attende med tidspunkt.

1.-6. klasse festen:
Tid: 17.00-19.00
Inngang: kr. 100, dette inkluderer brus, pølse i brød, popcorn og litt halloweensnop.
Påmelding: Laila Øvstebø, mobilnummer: 930 22 135

7.-10. klasse festen:
Tid: 19.30-21.30
Inngang: kr. 50, dette inkluderer pølse i brød og brus. Det vil verta kiosksal med popcorn, chips, brus og sjokolade
Påmelding: Vibeke Skåle, mobilnummer: 971 22 280

Halloween fest 1. november for dei over 18!
Tid: 20.00-01.00
Inngang: kr. 100, dette inkluderer chips, peanøtter og liknande. Det du ynskjer å drikka tek du med deg sjølv.
Det vert premie for beste kostyme for dei vaksne.
Påmelding: Ingvill Heimvik mobilnummer: 970 08 349 eller
Anne Marit Ersland, mobilnummer: 452 06 668

Kategorier: Dugnadsarbeid

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar